Vive el español!

Lokal produksjon av spanske musikkvideoar

Fire timar spansk høyrest kanskje lenge ut? Men tida går fort når ein har det gøy! Onsdag 21.11 fekk Spansk 1-gruppa i oppgåve å lage ein spansk musikkvideo. Her var det bruk for både rytmesans, spanskkunskapar, godt samarbeid, planlegging og ein stor dose kreativitet. Så får vi sjå om resultata hamnar på YouTube...

Tekst/bilde: Magni