Visualisering av Det Norske

Litterært program på vg3

Som del av læreplanen i norsk, skal avgangselevane "sette saman og framføre eit avgrensa litterært program". I år er temaet "Det norske" og elevane framfører tekstar som seier noko om kva som er typisk norsk. Tidlegare har publikum utelukkande vore medelevar på Sygna, men i år ynskte elevane å framføre for andre aldersgrupper.

Først ut var to grupper som måndag framførte Norges skål av Johan Nordahl Brun og Nordmannen av Ivar Aasen på Helsetunet (den lokale eldre- og sjukeheimen). Her var det stor allsongfaktor og publikum nikka gjennkjennande til tekstane. 

Onsdag var det resten sin tur. Dagen starta med dramatisering av folkeeventyr i 1. klasse ved Sagatun skule og i Sagatun barnehage. Her fekk borna møte Askeladden då han kappåt med trollet og då han prøvde å målbinde prinsessa. I tillegg fekk dei besøk av Bukkane Bruse.

Klokka 10.05 starta ei innhaldsrik framsyning for heile vg2 og vg3 med ulike film og sceneinnslag som innhaldsmessig veksla frå folkeeventyr i ny og gamal drakt og humoristiske faktapresentasjonar.

Ei gruppe stilte med både fagleg foredrag og filmatisering av novella Karen av Alexander Kielland for 8.-10. klasse ved Sagatun.

På denne måten har alle elevane fått utfordre seg munnleg, samtidig som dei har gledd eit utvalt publikum. 

Takk for innsatsen!

Tekst/bilde: MÅR (+JMH)