Vi er i gang!

Skuleåret 2012/2013 er i gang.

Første time ønskte rektor, Joakim Hector, alle elevar velkomne til eit nytt skuleår. Heile skulen var samla i gymsalen og Joakim snakka om å ha mot - mot til å ta gode val, mot til å gi av seg sjølv og mot til å sei ifrå. No har skuletimane starta - og vi ønskjer alle elevar eit godt, nytt skuleår!