Velkommen til Bli kjent-helg

16. - 18. mars inviterer vi alle søkarar til Bli kjent-helg. Du kan melde deg på frå 1. mars.

Meld deg på Bli kjent-helga her

Denne helga kjem 40-50 søkarar til Sygna for å bli betre kjent med kvarandre, elevane som allerede går her, personalet og plassen. Vi lagar eit program for helga som gjer det enklare å bli kjent med kvarandre - og alle får fadder. Du treng ikkje vere redd for å bli gåande åleine!

Vi håpar du som har søkt kjem på besøk til oss denne helga - Velkommen!

PROGRAM
Fredag 16. mars

16.00 og utover: Ankomst og innkvartering
17.30: Brettspel i peisestova
19.00: Kvelds i matsalen
19.30-21.00: KRIK i Belehalli
21.00: Kafeen opnar
21.00: Velkomst i kaféen
22.00-24.00: Sosial aktivitet

Lørdag 17. mars
09.30-10.15: Frukost i matsalen
10.30: Informasjon v/rektor og inspektør i møtesalen
11.00: Samling med dei ulike utdanningsprogramma på skolebygget
12.00: «Trackrun» - oppmøte i gymsalen
14.00-15.00: Middag i matsalen
15.15: Omvisning i Balestrand
16.00-18.00: Ulike aktivitetar på området
18.30-19.30: Varm kveldsmat i matsalen
20.30: Crazy games i gymsalen
22.00: Snacks i kafeen
22.30: Ord for natta


Søndag 18. mars
09.30-10.15: Frukost i matsalen
11.00: Møte i møtesalen
12.00: Kino i møtesalen
14.00: Middag
Heimreise utover dagen. 

Praktisk info:
Opphaldet er gratis for alle søkarar, men du må betale ev. reise sjølv.
Påmelding: Via nettsida til Sygna: www.sygna.no
Ta med: Sovepose og laken dersom du skal overnatte. Varme klede - gymklede dersom du skal delta på fysiske aktivitetar
Noko du lurer på? Ring oss på 57694500, eller mail oss på sygna@sygna.vgs.no