Velkommen

Laurdag er det foreldredag og vårfest på Sygna

Programmet laurdag:
Kl. 09.30: Frukost
Kl. 11.00 – 12.30 Russen har ulike aktivitetar, som t.d. loppemarknad, bilvask og ansiktsmåling
Kl. 12.30 - 14.00: Temasamling for elevar og føresette 
Tema: Alkohol og alkoholbruk, ved Arne Johannessen 
Obligatorisk for elevane 
Kl. 14.00: Middag (graut)
Kl. 15.00: Loppemarknaden held fram
Kl. 16.00: Frukt, kaffe og kake i kafèen
Kl. 17.00: Vårfest
Obligatorisk for elevane
Ca. kl 18.30 (i forlenginga av festen): Kveldsmat
Ca. kl. 20.00: Amerikansk auksjon ved russen

Arne Johannessen er styreleiar i Actis. Actis er ein paraply for 29 organisasjonar som jobbar med rusfeltet. Actis jobbar for å redusere skadene ved bruk av alkohol, narkotika og pengespel. Deira rolle er å vere ei tydeleg stemme og pådrivar for ein god alkohol-, narkotika- og spelpolitikk.

Johannessen jobbar som regionlensmann i idre Sogn. Han er tidlegare kjend som ein markant leiar i Politiets Fellesforbund.