USA og Roma

3ST er på veg til New York og 3SF og 3PÅ reiser snart til Roma

Tidleg torsdag morgon sette 3ST seg på bussen for å gjere unna første etappe til New York. Måndag reiser 3SF og 3PÅ til Roma.

Begge gruppene får innhaldsrike dagar med mykje spennande på programmet. Detaljert program for turane finn du på foreldresida

USA-gjengen skal besøke Empire State Building, 9/11-Museum, Wall Street, Statton Island, Times Square, Fridoms-gudinna, Ellis Island, American Museum of Natural history, Central Park, Hillsong, Jødisk museum, China Town/Little Italy og Brooklyn Bridge. Så går turen vidare til Washington, der dei skal oppleve Washington Monument, kongressen, National air and Space Museum, US Holocaust Memorial Museum, Lincoln Memorial og Pentagon.

I Roma får elevane oppleve Trevifontena, Pantheon, Vatikanmuseet, Peterskyrkja, katakombene, Piazza del Popolo, Villa Borghese-parken, spansketrappene, Colosseum, Forum Romanum og ikkje minst, den flotte stemninga i denne unike byen.

Vi ønskjer elevar og reiseleiarar god tur!

Tekst: FB
Foto: GBB