Unge blikk på gamal historie

Korleis kan historia til Balestrand vere inspirasjon for ei dagsaktuell utstilling?

 Dette er utgangspunktet for prosjektet alle tre klassetrinna på kunst og -designlina på Sygna starta på i vinter. I mai kan alle sjå resultatet i utstillinga "1819-1918-2018" i Lisahuset!

Balestrand si historie dei siste 200 åra er mellom anna prega av kunstnarar, kunstnarliv, keisartid og framvekst av turisme. Å bruke dette som inspirasjon for kreativt arbeid er ein prosess som tar tid, og som kanskje er litt frustrerande innimellom.

Med utgangspunkt i historia, er oppgåva til ungdomane å finne kva tema eller historiske høgdepunkt ein vert inspirert av, sjå paralellar til notida og finne ein måte dette kan visualiserast på. Her er det både større perspektiv og nære situasjonar som vert fokusert på.

No er arbeidet i sluttfasen, kor dei ulike verka skal monterast i romma i Lisahuset. Utstillinga opnar i mai, og er tilgjengeleg somaren 2018.

Prosjektet er ein del av satsinga "Balestrand 1819-1918-2018", initiert av Kunstbygda Balestrand AS for sesongen 2018.