Ungdomsklubb

Er du ungdomsskuleelev? Då har det kome eit nytt tilbod til deg i bygda Balestrand; ungdomsklubb på Bedehuset! Det er Håvard (Frafjord) og Peter (Endresen) som har sett i gang klubben, og dei møtes på Bedehuset ca annankvar fredag (for meir info om datoar; ta kontakt med Håvard på facebook, så legg han deg til i ungdomsklubb-gruppa). Kva skjer på ungdomsklubben? Det er spel, andakt, mat og sosialt. Alle ungdomsskuleelevar, og Sygnaelevar, er velkomne!