Ungdom for framtida

Aktive Sygna-elevar på messe for Ungt Entreprenørskap!

Torsdag kom 500 ungdomsskoleelevar frå heile Sogn til Balestrand på messe for Ungt Entreprenørskap. Nokre elevar skulle vise fram sine elevbedrifter, mens andre skulle starte opp arbeidet med sine elevbedrifter. Sjølv om det var Sagatun skule som var hovudarrangør, sette Sygna sitt stempel på dagen. Alle dei besøkande var klare i Belehalli då messa starta, mellom anna takka vere Sygna-elevar som hadde vore parkeringsvakter då 17 bussar skulle sleppe av elevar på eitt buss-stopp.

Eit eige Sygna-band sette tonen med eit flott nummer på opningsshowet. 35 elevar frå Sygna var elevvertar, og sørga for at dei 500 besøkande fann sine grupperom og fekk hjelp til å løyse oppgåva: «Lag eit opplegg for ei gruppe utanlandske turistar som skal vere ei veke i din kommune».

Då ungdomsskuleelevane hadde pause, kunne dei kjøpe heimelaga taco-baguettar frå «russekiosken», som for dagen var flytta til Belehalli. Køen var lang, noko som ga pengar på kontoen til Kina og russeprosjektet. Russen presenterte og sitt misjonsprosjekt på ein eigen stand, der elevane kunne konkurrere om å ete smådrops med kinesiske etepinnar.

Alle ungdomskuleelvane måtte og innom Sygna sin stand for å hente evalueringsskjema, sidan vår stand og fungerte som informasjonsstand for heile messa. Med seg fekk dei og ein «Sygna-pose» med informasjon om skulen vår, nøkkelband, Sygna-tatovering og litt godteri.

Då messa gjekk mot slutten, var det tid for premiering av beste elevbedrifter. Sara og Henrik (3ST) var med i juryen, og var med å lese opp vinnarane frå scena. Kjekt for oss var det at ei elevbedrift frå Sagatun vann i kategorien «Beste ide». Dei fekk som alle vinnarane diplom laga av Emilie i 3SF. Nok ein dag å vere stolt av elevane våre!

Tekst/bilde: FKH