Ung Messe

Stemningsfull kveld i St Olafs kyrkje

Mathias og Silje frå 3ST opna kvelden på piano og blikkfløyte. Saman med Ådne (2ST) var dei ein velklingande organist -og forsongartrio som geleida oss stødig gjennom gudstenesta. Dei som hadde våga seg ut i den våte haustkvelden fekk synge seg varme og kjenne på fellesskapen i den vakre stavkyrkja. Liturg og talar var Andreas Danbolt, ungdomsprest i Sogndal. Takk til alle som bidrog til ein flott kveld!

Tekst/bilde: Magni