Ung Messe

Eit annleis torsdagsmøte

Torsdag vart det arrangert ei ungdomsgudsteneste i møtesalen på Sygna i samarbeid med Den norske kyrkja. Temaet for samlinga var: Korleis Gud møter oss når vi treng han som mest.

Vi fekk besøk av ungdomsprest i Sogndal, Andreas Danbolt, og elevar både frå Sygna og Sagatun bidrog med musikk, bøner og tekstlesing. Kvelden vart avslutta med nattverd og bønevandring. Med 90 nattverdsgjestar måtte det eit lite vin-under til for rekke rundt til alle, men Jesus sviktar ikkje. Særleg ikkje når vi treng han som mest... Mange tok seg også tid til å stoppe opp ved bønepostane der ein blant anna kunne legge frå seg børene sine, be for nære og fjerne, smake at Gud er god og få med seg eit bibelord.

Takk for ein flott kveld!

Tekst/bilde: MÅR