Greyhound til Washington DC

3ST er innlosjerte i Georgetown, Washington DC

Måndag 2. oktober
Så var tida i New York over for denne gong - og Washington Dc venta. 5 timar seinare, etter fem timar med Greyhound-buss, var vi framme på stasjonen. Deretter var det å setje seg på ein overfylt buss som skulle ta oss til hotellet vårt. Trass veldig gode senger så tok likevel alle seg ut litan tur ut i den sjarmerande bydelen Georgetown. Som de ser på bileta var mat ein viktig del av denne kveldsturen.

Søndag 1. oktober
Dette ville vi ikkje og starta difor dagen på gudsteneste i Hillsong søndag kl 10. Etter lovsang og preike gjekk turen til Chinatown.

Å komme hit er som å komme til ein annan by - andre folk, ulike hus, forskjellige lukter og eit snodig språk. I denne bydelen ligg også Museum of Eldridge street; eit jødisk museum med ein nydeleg synagoge. Her fekk vi omvisning og eit innblikk i det jødiske livet.

På veg til denne synagogen stakk vi også innom eit buddhistisk tempel der vi fekk sjå New York sin største Buddha-statue. Frå Chinatown rusla vi nokre kvartal til før vi endte opp på ein pizza-og pastaresteurant i little-Italy.

Søndagen vart avslutta med ein spasertur over Brooklyn Bridge. Det er veldig vakkert å sjå byen idet dag går over til kveld - og det vart også knipsa ein god del her. I morgon seier vi på gjensyn til New York og reiser med Greyhound til Washington.

Det høyres ut som ein del av gjengen har planar om å komme tilbake hit ein gong.

Laurdag 30. september: Laurdag i New York
Kva gjer vi i New York på ein lørdag? Jo, då driv vi dank fram til 09.30 og deretter held vi koken fram til kvelden.

Vi starta med å avlegge Lady Liberty eit besøk. Med sine 93 m frå bakken og opp til fakkelen har ho vore eit symbol for fridom og moglegheiter. Vidare gjekk turen til Ellis Island der vi først fekk oppleve ankomsthallen og undersøkingsromma der alle som kom til Amerika måtte gjennom. Deretter fekk vi med oss ein halvtimes film som forklarte kvifor folk reiste, og korleis det var å ta den lange turen frå Europa til USA. Det var også veldig spesielt å sjå dei mange tusen namna på immigranter på Wall of Honor.

Etter litt mat tok vi t-banen opp til American Museum of Natural History. Her sprang ein engasjert gjeng rundt og fekk med seg både store dinosaurar, afrikanske dyr, fantastiske edelsteinar og tru kopi av ein blåkval. Det var nesten litt skuffande å måtte gå då museet stengde, men vi hadde oss då ein tur gjennom Central Park før vi hadde eit par timar eigentid før natta.

Fredag 29. september: Med utsikt over New York
Det å få starte dagen 86 etasjar over bakken er heilt spesielt. Ein får ein oversikt over kor gigantisk New York er og når sola skin i tillegg er det god grunn til å nyte utsikten, knipse mykje og sende snap til alle ein kjenner.

Deretter gjekk turen ned til museumet for 11.september og Ground Zero. Vi fekk også med oss ein film her som fortalde litt om 9/11. Det å rusle rundt, sjå dei enorme øydeleggingane og høyre ulike historier gjer inntrykk. Frå Ground Zero gjekk så turen vidare til finansområdet Wall Street og The Charging Bull. Den store oksen, som står som eit symbol for finansverda, var så omringa av turistar at vi knapt såg horna på den, men den vesle jenta som utfordrer oksen - og som symboliserer girlpower, fekk jentene eit bilete ilag med.

Vi fekk så eit lite glimt av børsen før det blei nokre ettermiddagstimer der elevane kunne gjere det dei ville. For dei fleste var dette shopping og ein tur innom hotellet.

Dagen vart avslutta med ein ferjetur t/r Staten Island og deretter tok vi t-banen opp for å sjå på folkelivet på Times Square.

Det er ein utruleg kjekk gjeng å reise på tur med; positive til det meste og gode med kvarandre. Vi gler oss allerede til morgondagen.
Gbb

Torsdag 28. september
Her er ein kort statusrapport frå gjengen i New York:
Etter ein reisedag på ca 23 timar har nå 3ST og lærarane Gunn Berit og Louise funne vegen fra vesle Balestrand til storbyen New York. Godt slitne i kveld, men etter nokre timar med lading er vi snart klare for å utforske byen.