Toppkamp på Kreklingen!

Sundag 1.juni tok Balestrand i mot Veitastrond til toppkamp i 5.div avd. Det vart ein kamp med spaning frå start til slutt!

Veitastrond tok tidleg leiinga i starten av kampen og fekk på eit vis kampen inn i sitt spor. Utover i omgangen tok Balestrand over føringa i kampen, og var svært nære både utlikning og leiing til pause. Begge gongane stod stolpane i vegen...

I pausa kosa det talrike publikummet seg i varmen - med eller utan is frå kiosken til russen. Det nærmar seg slutten av skuleåret, men russen står likevel på for å samle inn dei siste kronene til årets misjonsprosjekt! Knallbra!

2.omgang starta på same vis som den fyrste med at Veitastrond skåra mål og gjekk opp til ei 2-0 leiing i kampen. Det skulle gå nærare 70 min av kampen før Balestrand fekk si fyrste og vel fortente skåring. Den skåringa stod Marius for og målet tende både Balestrand og publikum. Reduseringa til 2-2 kom ikkje mange minutta seinare ved eit heldig sjølvmål. Så fekk Balestrand frispark rett utanfor 16-meteren til Veitastrond. Ibro curla ballen rundt muren og forbi keeper (sjå bileteserie) - 3-2 til heimelaget! Då tok det verkeleg av både på bana og på tribuna!

Dette var dessverre siste heimekamp før sommarferien. Balestrand har derimot to bortekampar att før laget tek sommarferie. Publikum på Kreklingen gledar seg til nye heimekampar til hausten!

Tekst og bilete: HS