Tilbake til livet

Foredrag av Simen Almås

Tidleg i juni fekk vg2-elevane, saman med Sagatun skule, besøk av Simen Almås. Vi fekk med oss eit føredrag, der vi fekk høyre om korleis han kom attende til livet etter ei ulukke då han var 13 år.

Føredraget var prega av både alvor og humor, og Almås var ein engasjert, ung mann. Vi fekk eit kort innblikk i sjølve ulukka, men det var ikkje der fokuset låg. Han snakka om at når ting skjer i liva våre, kan vi velje om vi vil gjere noko med det, eller om vi ikkje vil gjere noko, og at det å ikkje gjere noko kan føre til at hendinga tar stor plass.

Eit døme han brukte var om vi knuser eit glas, så kan vi velje å koste det opp, og bli ferdig med det, eller vi kan la det knuste glaset ligge der, og det kan prege liva våre vidare. Vi fekk ei tydeleg oppfordring om å sjå etter lyspunkt, «for dei er der», men dei forsvinn så lett dersom vi har fokus på det som ikkje er så bra.

LV