Takk, Ole Johan

Etter 36 års innsats for Sygna vert Ole Johan Olsen pensjonist.

Ole Johan er Sygna sin Grand Old- og Gentle Man.
Grand – fordi han har vore- og er viktig for Sygna, Old – fordi han har vore her lenge, Gentle – fordi han har ei mild framtoning og ei framferd som ikkje framhevar seg sjølv.

Sygna har vore gjennom mange epokar sidan oppstarten og ulike personlegdomar har prega skulen.  Oppstarten var prega av veldig mykje innsatsvilje, pågangsmot og sterk overbevising. Kanskje kunne ein ikkje bry seg om alle detaljar og ein kunne ikkje alltid  telje timar. Skulen skulle opp og stå og då måtte alle trå til 100%. Midt i dette var Ole Johan.

Så kom ein lang periode då Sygna vaks, det vart fleire og fleire elevar og personale. Antal bygg vaks tilsvarande – både elevar og dei som jobba her skulle ha gode hus. Uteområdet skulle ordnast og etter kvart kom vedlikehaldsbehova – i tillegg til utbyggingar. Midt i dette var Ole Johan.

Etter kvart har Sygna vakse seg så store som vi er i dag. I ein periode på 90-talet var vi endå litt større. Skulen gjekk over i ein fase der fokuset skifta frå oppbygging til drifting, forbetringar og oppussing. Det meste av tida har Ole Johan hatt gode kollegaer med seg i vaktmeisterjobben, men det har og vore tider då han har vore åleine. Ole Johan har vore der heile tida.

Han har vore her og treft tusenvis av elevar og hundrevis av kollegaer. Han har trufast stått på for ein skule, ein idè, ein litt vill tanke om at på ein slik liten plass kan store ting skje. I ei lita bygd på vestlandet kan Gud møte ungdommar og forandre liv. Midt i dette har han funne si oppgåve – sitt kall – og i dette har han stått trufast heilt fram til i dag. I ei tid der mange er mest oppteken av å finne lykka rundt neste sving, har han funne meining i dei oppgåvene han har hatt her på Sygna.

Men så har han heller ikkje mangla oppgåver.  Vi takkar for alle åra han har gitt til Sygna, for alle dagane han har stått på – av og til med store prosjekt som viser att i lang tid – men like ofte med rutinejobbar – slike som ein berre ser om dei ikkje vert gjort. Vi takkar for at han har vore ein god kollega, ein som held det han lovar og som får jobben gjort.

Til ein Grand Old Gentleman som Ole Johan, ein som alltid har vore her, har vi, alle kollegaene hans lyst å gi han dette bibelverset frå 1Kor 1,9: Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre.

 

FB/GBB