Sygnahelg i Rogaland

På sjølvaste frigjeringsdagen reiste ein gjeng frå Sygna med minibussen på Sygnahelg. Målet: Rogaland.

Fredag var alle med på skulebesøk på Rennesøy Ungdomsskule, mens på kvelden delte me oss i to. Den eine gjengen var med på KRIK på Rennesøy og den andre på «Between» i Salem Stavanger.

Etter litt fritid på dagtid lørdag, var vi med på HITS på Sola om kvelden, der Marta hadde andakt, og Nora og Elisabeth hadde konkurranse.

Etter ein sein kveld lørdag og tidleg opp søndag var det nok ein litt trøtt gjeng som møtte opp på Berøa på Karmøy for formiddagsmøte søndag, men møtet var likevel vellukka og vi vart godt tatt imot av blide karmøyværingar.

Etter møtet begynte den lange turen heim igjen, før me var vel tilbake på Sygna om kvelden.

Takk for ein kjekk tur, og stor takk til familiane Frafjord og Lodden, og Salem Stavanger som tok imot oss og hjalp til med overnatting og mat!

 

Tekst/Foto: YLL/MM, EFN og ML