Sygna i kyrkja

I Balestrand er vi heldige som har ei kyrkje som bryr seg om Sygna. Søndag 11. februar gjekk kollekten på gudstenesta til arbeidet på Sygna. Ungdomsleiar, Kurt Arild Ohma hadde ei helsing frå skulen, og 2. klassingen Grethe Elisabeth Gjøra, sang «Kom og sjå» av Haldis Reigstad. Laila Vang spelte piano til. Vi håpar kyrkjelyden vil hugse på Sygna i bøn!