Styret samla på Sygna

Kva har ein forskar, ein prosjektleiar og ein politisk rådgjevar felles? Jau, dei sit i styret for Sygna vidaregåande skule.

Laurdag var det styremøte på Sygna og då var dei som sit øvst i skulepyramiden samla i Balestrand. Med snø, sol og Sogn i si beste vinterdrakt som ramme, vart det truleg gjort mange gode og framtidsretta vedtak.

Her er ein kjapp presentasjon av styret:
Kristin Belt Skutlaberg(styreleiar) – bur i Bergen, jobbar som forskar ved NLA Høgskolen Bergen
Harald Berge Breistein – bur i Åsane, dagleg leiar i NLM-barnehagene AS
Jarle Arvid Aase – bur på Skilbrei i Gaular, rådgjevar i NRK Sogn og Fjordane Jon Olav Økland – bur i Bergen, politisk rådgjevar i Bergen KrF
Magnus Mjelstad – bur i Bergen, prosjektleiar i Brødrene Ulveseth AS

Anne Margrete Ålen, (1. vara)
Audun Moen,( 2. vara)
Erik Skjerdal, (3. vara)


I tillegg er styret samansett av tilsette ved Sygna:
John Martin Høines, representant pedagogisk personal
Almar Gåsland, representant servicepersonale
Ådne Risa, elevrådsrepresentant
Anne Margrethe Kråvik, adm.leiar
Knut Heng, rektor 

ET