Studiespesialisering på Sygna - kva er det?

Kanskje du lurer på korleis kvardagen som elev på studiespesialisering på Sygna VGS ser ut? Les i så fall vidare!

SKAPT TIL Å DELTA

Vil du vere med å forme samfunnet vi lever i? Er du interessert i din eigen og andre sin kultur? Likar du å diskutere og engasjere deg?

Sygna vgs tilbyr Studiespesialisering med språk, samfunnsfag og økonomi, der dyktige og engasjerte lærarar underviser i programfaga Internasjonal engelsk, Engelskspråkleg litteratur og kultur, Sosialkunnskap, Sosiologi og sosialantropologi, Politikk og menneskerettar og Samfunnsøkonomi, i tillegg til fellesfag som Samfunnsfag, Historie, Spansk, Engelsk og Norsk. Desse faga gir deg eit godt grunnlag for å forstå samfunnet og kulturen du er ein del av, og dei set deg i stand til å kommunisere med menneske med andre kulturar og språk.

På Sygna får du sjansen til å teste teorien i praksis innanfor trygge rammer: i eit inkluderande internatmiljø, på ekskursjonar i inn- og utland, og som del av eit fleirkulturelt lokalmiljø. Gjennom avgangsklassane sitt misjonsprosjekt kan du òg engasjere deg for å gi menneske i andre land eit betre liv.

Balestrand byr på rike naturopplevingar, spennande kulturopplevingar og mange fritidsaktivitetar, og både bygda og skulen gir deg minne for livet!

SKAPT TIL Å FORSTÅ

Mange høgskule- og universitetesstudium krev programfagskompetanse i realfag frå vidaregåande. Sygna VGS tilbyr Studiespesialisering med realfag.

Matematikk R1 og R2 finn ein oftast på lister over kompetansekrav, men avhengig av type studium er også fag som fysikk, kjemi og biologi representert.

På Sygna VGS blir det undervist i desse realfaga:

  • * Matematikk (1P, 1T, 2P, R1, R2 og 2P-Y)
  • * Fysikk (Fysikk 1 og Fysikk 2)
  • * Kjemi (Kjemi 1 og Kjemi 2)
  • * Biologi (Biologi 1 og biologi 2 annakvart år)

Undervisninga på Sygna er kjenneteikna av nær kontakt mellom elev og lærar, slik at eleven i arbeidet med faget kan testa si faglege forståing og utvikling mot læraren si undervisning og rettleiing. På Sygna har ein eit aktivt pedagogisk utviklingsarbeid.  Ein tek gjerne i bruk undervisningsmåtar som kjem elevane tilgode. Nye undervisningsmetodar som omvendt undervisning blir også nytta. På Sygna ønskjer ein eit dynamisk pedagogisk miljø som stadig er på leit etter måtar undervisninga kan betrast på.

Lenkjer

Kontakt oss viss du har spørsmål!

Helsing
Lærarane på studiespesialisering