Kunst, design og arkitektur

Likar du å utfalde deg kreativt? På Sygna tilbyr vi Kunst, design og arkitektur

SKAPT TIL Å SKAPE

Likar du å utfalde deg kreativt? På Sygna tilbyr vi Kunst, design og arkitektur (tidlegare Studiespesialisering med formgjevingsfag) der du kan utforske og boltre deg i mange ulike kunstartar og likevel fullføre studieførebuande kurs på normert tid.

Du får blant anna opplæring i ulike teikne­- og måleteknikkar, illustrasjon, animasjon, storyboard, skulptur, grafisk design, trykk og foto, samt mixed media (ei blanding av ulike teknikkar i ulike material) inspirert av ulike periodar i kunsthistoria.

Les om hovudlæraren Giuseppe Miconi

I tillegg til høg fagleg kompetanse, kan vi tilby eit godt internatmiljø, lett tilgang til rom og utstyr etter skuletid, engasjerte lærarar og eit rikt utval fritidstilbod, deriblant mange kristne aktivitetar.

Skulen ligg vakkert plassert og vi har eit godt samarbeid med Kunstbygda Balestrand, noko som gjev tilgang til varierte utstillingar, kurs og møte med utøvande kunstnarar.

I tredjeklasse reiser elevane på studietur til Roma, der dei boltrar seg i arkitektur, skulpturar og målarkunst frå dei store meistarane, samt får ein populær smakebit av ein annan kultur.

Sitat frå tidlegare elevar:

Adelina: ­ Det jeg husker best fra tiden på sygna, er alle arrangementene som man kunne være med på! Det var alltid god stemning og mye sosialt.

Favel: ­Det eg hugsar best frå tida på Sygna er alle dei fascinerande prosjekta vi hadde i formgiving, dei gode vennene eg fekk, fridomen til å bruke kreativiteten min og å vekse som menneske.

Even: ­Jeg husker godt klasseturen, og det morsomme fotoprosjektet vi hadde i Roma. Det ble mye god kamerajakt i den Evige Byen.

Torgeir Bull: Giuseppe er en veldig flink lærer som jeg lærte mye av! Bruker fremdeles mange av tegnemetodene jeg lærte, og hadde nok aldri kommet inn på animasjonsstudiet uten hans hjelp!

Hanne (Bridgebuilders): ­ I Jerusalem hadde vi ein kveld der vi malte med etiopiske barn. Då fekk eg lære vekk noko av det eg lærte på Sygna.

Mona Kondo (japansk fotograf): ­ Giuseppe er ein av dei beste personane eg har møtt! Han var så tolmodig og snill.

 Lenkjer

Kontakt oss viss du har spørsmål!

Helsing
Lærarane på studiespesialisering med formgjevingsfag