Studieorienteringsdag

Eit nytt år med nye val

For vg3 starta skulekvardagen med ein rikhaldig informasjonsdag saman med elevar frå Høyanger vgs. Dei 100 elevane fekk tips om studentliv, søknadsprosessar og praktisk informasjon om studenthyblar, lånekasse mm før utsendingar frå 7 universitet, 5 høgskular, forsvaret og folkehøgskulane orienterte om eit breitt spekter studieretningar og studiestadar.

Mange elevar fekk ein tydelegare ide om kva dei ynskjer vidare, andre fekk stadfesta det dei allereie hadde bestemt seg for.

Takk til alle som tok turen hit!

Tekst: MÅR   Bilde: FKH