Studieorientering for VG3

Vi fekk besøk av 13 høgskular og universitet, folkehøgskular og forsvaret.

  Det var fellessamlingar, stand, og separate samlingar med dei ulike institusjonane. Vi fekk og besøk av 27 elevar frå Høyanger vidaregåande skule som var med oss heile dagen.

I tillegg til informasjon om ulike studieløp, fekk elevane og mellom anna informasjon om søknadsprosess, gradsstruktur, studentliv, opptakskrav og om korleis ta deler av- eller heile utdanninga i utlandet. Nokre elevar blei tryggare i sitt val om vidare utdanning, mens andre blei meir forvirra. Og med mange mogelegheiter er det heldigvis enda nokre månadar til søknadsfristen for høgskular og universitet, 15.april.

Elevane blei tipsa om å nytte nettsida utdanning.no og nettsidene til dei ulike institusjonane om dei framleis ikkje var sikre på korleis neste år skulle bli.

FKH