Studieorientering

Måndag fekk Vg3-elevane informasjon frå dei fleste universiteta og mange av høgskulane i landet.

Heile dagen var sett av til informasjon frå dei ulike universiteta, høgskulane og folkehøgskulane i landet. Elevane fekk både generell informasjon om høgare utdanning og informasjon frå den einskilde institusjonen. 

Vi snakka med Astrid Maria og Lisbeth. Dei var begge sikre på at dei skulle studere til sjukepleiar i Bergen før denne dagen. No er begge litt meir usikre.

"Eg er eigentleg meir usikker no enn før dagen starta fordi eg har fått vite om skular som eg ikkje visste om tidlegare - og som verkar veldig bra", seier Astrid Maria. "Det er bra å få fleire alternativ, samtidig vert det litt meir vanskeleg å velje..."

Lisbeth seier seg enig: "Eg er litt forvirra no - eg veit at eg skal gå sjukepleien, men er usikker kvar eg skal gå. Vi skal få meir informasjon frå høgskulane no, så eg håpar det hjelper."

Det håpar vi og!

Alt tyder på at dagen var vellukka og at mykje god og nyttig informasjon vart formidla til elevane!

 FB