Heftig pain(t)ball

Gummikulene hagla i gymsalen

17 lag stilte til start laurdag kveld til eit velorganisert gruppespel. Fem deltakarar på kvart lag heiv seg inn med livet som innsats. På tribuna fylgde tilskodarane ivrig med.

Kiosksalet gjekk strålande, mens kampane gjekk i eit voldsamt tempo. "Troubleshooters" møtte "Lilletå", "Haha, vi spiller gratis" moste "Girl Power" og personallaget, "Krokodillejegarane", vart raskt utskotne av "Hund og Ese". Slik heldt det på i timevis. Mellom øktene samanlikna deltakarane blåmerke.

Klokka tolv stod berre finalistane att. "The Strangers" greidde å karre til seg bronseplassen. Finalen var over på 14 sekund, dei proffe arrangørane frå Vetlefjorden, "VPC Limited Edition" sikra gullet og "Al Quida 123" enda på sølvplass.

Gratulerer til alle og takk for kampen!