Spørsmål og svar-samling

4. juni 2014 fjern | endre | slett

Søndag 1.juni var det tid for årets siste samling.

Eit par gongar i året er det Spørsmål- og svar-samling på Sygna. Det vil seie at elevane blir utfordra til å komme med kva spørsmål som helst om den kristne trua og Bibelen, for at eit panel frå personalet skal svare. 

Ein mengde gode spørsmål kom inn, og Joakim var ordstyrar og sørga for at det vart variasjon i kva tema som vart sagt noko om. Gode spørsmål om sex og samliv, tru og tvil, teikn og under, frelse og fortapelse gjorde at dette vart ei spennande og interessant samling.

Ein rakk ikkje gjennom alle spørsmåla i løpet av den halvannan timen samlinga varte, men alle spørsmål er noterte, og vil bli fulgt opp. Takk for alle spørsmål som kom inn!