Spleiselaget

Skatt i samfunnsfagtimen.

Simen Longva frå Skatteetaten var på besøk i samfunnsfagtimane til 1ST og 2KDA onsdag 7. februar. Han gjennomførte eit undervisningsopplegg for "Spleiselaget".

Fokuset var på korleis velferdstilboda i Noreg blir finansiert og kva konsekvensar det får når nokon vel å arbeide svart. Ved bruk av mobil og eigen PC fekk elevane delta aktivt og svare på spørsmål undervegs. Elevane fekk blant anna òg informasjon om frikort, skattekort og kor viktig det er med arbeidskontrakt.

Vi takkar for besøket og for nokon innhaldsrike timar.

KSH