Spennande kulturmøte

Mange nasjonalitetar gir spennande møte.

I den vesle bygda Balestrand er det mange nasjonalitetar samla, noko som legg til rette for spennande kulturmøter. Tidlegare i vinter inviterte elevane som har faget sosiologi, elevar som har grunnleggande norskopplæring på besøk.  I sosiologi-gruppa finn vi elevar som har tilknyting til Bosnia, Eritrea, Romania, Russland, og sjølvsagt Noreg. Desse fekk alle presentere litt av sin kultur, i tillegg til at vi fekk høyre om Syria, Eritrea og Brasil frå dei som kom på besøk.

Kultur er mykje forskjellig, men vi fekk blant anna sjå bilete frå elevane sine heimland, og vi fekk eit innblikk i kva musikk som var typisk for deira land, litt om industri, religion og styresett, og vi fekk sjå bilete av typiske matrettar. Frå Romania og Eritrea fekk vi smake på ulike typar brød, frå Noreg fekk vi smake vaffel, brunost, heimelaga syltetøy og rømme, og Frå Bosnia fekk vi smake litt kjeks.

Det er kjekt å treffe menneske frå andre kulturar. Då ser ein at ein både er veldig ulike, men og veldig like.

 Takk for besøket!

ALH