Special guest: Elisabeth Tonheim

Ho har arrangert Verdas lengste sjømatbord. Etablert kunstutstilling til sjøs. Ho elskar møkagreip og nyttar heimen sin som konsertlokale. Elisabeth er allsidig. Og no er det elevane i formgjevingsklassane som skal til pers!

I desse dagar utfordrar Elisabeth Tonheim elevane i formgjevingsklassane ved Sygna. -Elevane sitt oppdrag er å laga ei utstilling i Lisa-huset i Holmen som er inspirert av Balestrand si rike kunst- og kulturhistorie, forklarar Elisabeth, som saman med faglærar Giuseppe Miconi har laga ramma for prosjektet.

Elevane skal ikkje gjenfortelje historia, men bruke ho som inspirasjon. -Dette er to forskjellige ting, og vi kan vente oss mykje dagsaktuelt i Lisa-huset sjølv om inspirasjonen ligg både 100 og 200 år tilbake i tid, seier ho vidare.

Elisabeth fortel at det viktigaste arbeidet elevane gjer, er å jobbe med idéen og kva ein vil formidle. For mange elevar er dette ein ny måte å jobbe på, og kan vere både frustrerande og langtekkeleg. -Men det er naudsynt for at det synlege resultatet skal kunne formidle det dei ynskjer.

Det er ikkje første gongen Elisabeth har gjeve elevane i formgjevingsklassane ekstraordinære utfordringar. Hausten 2015 laga elevane utstillinga «Ein prosess», som visualiserer den kreative prosessen.

I 2013 deltok klassane med installasjonar i prosjektet «Rustne juvelar», kor materialen var innsamla skrot frå heile kommunen. Denne gongen er det Kunstbygda Balestrand AS som har initiert prosjektet som ein del av satsinga «Balestrand 1819-1918-2018». Elisabeth er utdanna sjukepleiar og journalist, men hoppa av det «normale» arbeidslivet for nokre år sidan. Ho ville dyrke dei kreative sidene sine gjennom verksemda si Heilt originalt. Der driv ho etter mottoet å bevare historie og kultur på ein kreativ måte, kor prosjektarbeid er ein viktig del. -Eg bles nytt liv i det gamle, forklarar ho. -Det gamle kan vere alt frå ei gamal møkagreip eller eit sentrum, til ei gamal matoppskrift. Elisabeth var initiativtakar til arrangementet Verdas lengste sjømatbord på Lindås, som fann stad i det gamle sentrum i byda. Ho gjekk også i bresjen for å etablere kunstutstilling på holmar skjær, bergveggar og naust i den maritime innsjøen Llindåsosane. Og sidan plukkfiskekaker var det beste ho fekk til middag om lita, har ho starta produksjon av dette for sal. Kanskje den einaste i Noreg.

Elisabeth bur i den gamle doktorbustaden på Lindås, men Balestrand har ein stor plass i hjartet hennar. Etter at ho budde i bygda i fire år av ungdomstida, har Balestrand aldri slept taket i ho. No har Elisabeth og mannen sikra seg ein av dei mange kulturskattane i bygda, ein freda kunstnarvilla i drakestil. -No bles vi nytt liv i den gamle villaen, og håpar å dele denne kulturskatten med alle som ynskjer, avsluttar ho.

Vedlegg:

  • Villa Heimdalstrand Villa Heimdalstrand: Elisabeth og mannen, Tor restaurerer kunstnarvillaen til Emma Normann på Strondi. Planen er å opne eigedomen for publikum.
  • Lisa-huset Lisahuset: Lisahuset i Homen står tomt til vanleg. Elevane i formgjevingsklassane skal fylle huset med sine arbeid, inspirert av Balestrand si historie. Utstillinga «1819-1918-2018» opnar i mai 2018
  • Roaren Roaren: Måleriet «Roaren» på naustvegg av Giuseppe Miconi. Eit av mange kunstverk i Sjøparken i Lindåsosane
  • Det viktige måltid Det viktige måltid: Elevarbeid i «Rustne juvelar» i 2013. Her under montering på veggen på Bedehuset
  • Ein grepa stol Ein grepa stol: Eit av Elisabeth sine mange favorittmaterial. Her er møkagreip nytta som sete.
  • Fiskarkåno Fiskarkåno: «Fiskarkåno» av glaskunstnar Turid Grov er eitt av verka i Sjøparken i Lindåsosane.
  • Verdas lengste sjømatbord Verdas lengste sjømatbord: Fylkesvegen på Lindås vart stengd og ein bygde eit 220 meter langt bord med sitjeplass til ca 750 stk per bordsete. Dei to første åra sto sjømat på menyen, medan tredje året serverte vi lokalmat. Heile byda i sving.
  • Det viktige måltid Det viktige måltid: Elevarbeid i «Rustne juvelar» i 2013. Her under montering på veggen på Bedehuset
  • greip Greip: Ei møkagreip er allsidig. Her som lyshaldar.