Sosial kompetanse

2BU jobbar praktisk med tema sosial kompetanse

Barne- og ungdomsarbeidarlinja har i det siste jobba med sosial kompetanse, då spesielt empati og prososiale handlingar. I arbeidet skulle dei legge til rette for at andre skal utvikle sosial kompetanse og sjølv medverke til det.

Gjennom prosjektet har dei undervist 2Kda og 2St om temaet og utfordra dei til å jobbe med eit prosjekt. 2Kda og 2St laga eit litterært program for bebuarane på Helsetunet i Balestrand. BU-elevane er, gjennom livsglede-prosjektet innom Helsetunet ved jamne mellomrom. No kunne dei rettleie medelevane sine for å skape eit godt møte mellom unge og eldre. På programmet var det solosong, fellessong, diktlesing, trimhistorie og dramatisering av eit eventyr.

Dei eldre song med og såg ut til å kose seg, medan fleire av elevane kunne tenkje seg å gjere noko liknande igjen.

JMH