Sommarleg sandsak

Forming på fritida

Strålande maidagar og lokal sandstrand inviterer til utfalding av mange slag. Nokre initiativrike og kreative elevar bygde onsdag ettermiddag opp eit heilt samfunn i sand, med fjellkjeder, bruer, sjukehus og skulpturar.

Innimellom bygginga var det tid for forfriskande bad i Sognefjorden som allereie er varmare enn 19 grader celsius.

Tekst/bilde: Magni