Sommar og SOL på Sygna

Det har vore og er ei fantastisk tid på Sygna og i vakre Balestrand om dagen.

Nokre går på ski på vårsnøen - andre er på padletur.

Nokre slår opp teltet - andre søv ute under open himmel.

Nokre tek middagen i matsalen som vanleg - andre tek middagen ute.

Nokre ser på fotballkamp og går på slakk-line i pausa.

Balestrand er på sitt vakraste no på våren med snø i fjella og grønt gras og epleblomstring langs ein stille fjord.

Tekst og bilete: HS