Skuledebatt

Ni parti stilte til skuledebatt og valtorg på Sygna.

Fredag var det duka for årets store skuledebatt på Sygna. Dei ni største partia stilte dyktige og veldig taleføre representantar. Godt leia av John Martin fekk elevar (og personale) høyre ein til tider heit debatt om miljø, mobbing, friskular, skatt, eldreomsorg og fråværsgrense.

Kven som stikk av med flest stemmer her på Sygna vert klart tysdag 5. september. Då er det nemleg skuleval. Same dag mellom 11.00 og 13.00 er det dessutan mogeleg å førehandsrøyste på Sygna.

FB