Siste innspurt

Nye stadar og metodar

Kva gjer lærarane for å halde på siste rest av fagleg fokus når heile pensumet er gjennomgått og elevane er ferdige med sine skriftlege eksamenar?

Munnleg ligg framleis og lurer, så det er berre å finne fram kreativiteten. Mange av lærarane tryllar i desse dagar fram heimesnikra eller lånte pensumspel, munnlege øvingar, fagstafettar og (meir eller mindre) relavante filmar. Nokre vel å flytte heile klassen heim til seg, andre flyg rundt i skog og mark. Vêrmeldinga kan avgjere om det vert inne- eller uteundervising.

Det viktigaste er å gje ei meiningsfull, kjekk og fagleg avslutning på eit travelt og godt år. Lukke til med munnleg og god sommar til alle!

Tekst/bilde: Magni