Sex og sånn

I dag var det temasamling på Sygna med Alexis Lundh

Torsdag 09 november var Alexis Lundh på besøk på Sygna for å ha temasamling: «Sex og sånn, om grenser og seksualisering». Alexis jobbar i ein organisasjon som heiter Tro og medier. Han er og leiar for nettsida heltfri.net som setter fokus på pornografi, og hjelp til å bli fri frå avhengighet.

I ein og ein halv time snakka Alexis Lundh om viktige og sårbare tema; sex, porno, skam, grenser, nettbruk, ordbruk; men med ein raud tråd gjennom det heile: Du er verdifull! Du er verdt å ta vare på! Du er verdt å ha grenser, og at andre skal respektere dei!

Alexis er ein mann full av energi, og han heldt både elevar og personale våkne gjennom temasamlinga. Tilbakemeldinga frå elevane var at det var ei veldig bra temasamling, som var aktuell, også på Sygna. Vi blir alle prega av det seksualiserte samfunnet vi lever i, på ein eller annan måte. Kanskje skjer det ubevisst gjennom ting vi fyller oss med gjennom media, som igjen påverkar tankar og følelsar. Kanskje vel vi bevisst å la oss påverke, og tar med oss haldningar og tankar frå media inn i våre eigne liv.

Alexis poengterte kor viktig det er å vere bevisst på eigne grenser; kven bestemmer grensene mine? Kor skal grensene mine gå? Han oppfordra alle til å begynne å reflektere, stille spørsmål og sette grenser. For vi må ta vare på det som er verdifullt, og vi er verdifulle!

I det heile var det mange tankar å ta med seg vidare etter seminaret.

Takk for besøket Alexis, og lykke til med den viktige jobben du gjer!