Solid sesongstart for Damelaget

Heimesiger mot Sogndal

Onsdag møtte det unge damelaget Studentspretten frå Sogndal i sesongen sin aller første kamp.

Sogndal gjekk hardt ut og leda tidleg med to mål, men heimelaget slo tilbake med fire flotte, før Sogndal fekk pressa inn eit siste. Då dommaren endeleg blåste av (på overtid), kunne heimelaget juble for 4-3-sigeren saman med dei lokale supportarane. 

Takk for ein superspennande kamp!

Tekst/bilde: Magni