Misjonsprosjektet 16/17

Sjå årets prosjektfilm

Støtt sygnarussen sitt misjonsprosjekt – konto nr: 3805.10.22030

Skuleåret er no i gang, og me i russen er klare for å gjere ein innsats. Misjonsprosjektet, som har vore ein tradisjon i mange år, engasjerer ikkje bare russen, men heile Sygna. Vi er difor glade for å kunna fortsetja med denne tradisjonen i år også.

Allereie før sommaren valde russen Etiopia som prosjektland. Etiopia ligg nord-aust i Afrika. Pengane me samlar inn går til mellom anna desse prosjekta:

Utdanning
NLM, er i samarbeid med Mekane Yesu kyrkja, i ferd med å byggja ein vidaregåande skule (9.-12. klasse) i eit muslimsk område aust i landet. I dette område er det få vidaregåande skular og kvaliteten er ofte dårleg. Difor er det eit stort behov for støtte til denne skulen. Mekane Yesu kyrkja har lang erfaringar med å drive gode skular. I område skulen skal byggjast er det få jenter som får gå på skule. Denne skulen som NLM startar er difor også gje jentene eit godt utdanningstilbod.

Helse
I 2008 byrja NLM prosjektet «Reducing Meternal Mortality» som gjer fleire helsetenester meir tilgjengelege for kvinner, alt frå grunnleggjande svangerskapsomsorg til akutt keisarsnitt. Fokuset er å redusere dødelegheita blant mødre og barn. Prosjektet har vist seg å vera svært vellykka.

Evangelisering
I Etiopia er det framleis fleire folkegrupper som ikkje er nådde med evangeliet eller område med små ressursfattige kyrkjer. NLM samarbeider difor med Mekane Yesu kyrkja for å nå desse områda. NLM driv også opplæring av evangelistar og gir økonomisk støtte til arbeidet.

Bibeloversetjing
Mange menneske snakkar berre sitt lokale stammespråk. Det offisielle språket, amharisk, er det ikkje alle som kan, spesielt dei som bur i avsides område. Det er over 80 språk og dialekter i Etiopia. NLM støttar oversetjinga av Det nye testamentet til Ts'amakko, et språk som vert nytta av ca. 15 000- 20 000 menneske i Sørvest-Etiopia.

Misjonsløp
Misjonsløpet er hovudinntekta til misjonsprosjektet. Kvart år har sygnarussen arrangert eit løp på idrettsbana som ligg rett ved skulen. Dette året blir ikkje noko unntak. Den 22. oktober skjer det, og vi håper så mange som mogleg kan vere med og støtte prosjektet ved å anten skaffe seg sponsorar eller sponse andre.
KORLEIS SPONSA?
Fast beløp: Dersom ein vert sponsa med fast beløp skaffar du beløp som er uavhengig av kor mange rundar du spring.
Runde-beløp: Ein kan t.d. bli sponsa med kr. 20,- pr. runde. Viss ein då spring 40 rundar får du 40 gangar 20 kroner, altså 800 kroner. Bana er 350 meter og løpet varer i 90 minutt.
Foreldre, føresette, familie og vennar kan vera med å springe. Ein kan også hjelpe til ved å vera med å tella rundar for dei som spring.

Fast gjevar
Det er for deg som vil støtte prosjektet gjennom året. Då kan du gje eit fast beløp i månaden. Viss dette er noko for deg kan du kontakte oss og du kan få sendt et avtalegiro i posten.

Viss du vil gje ei gåve til misjonsprosjektet kan du merke med «Gåve» til kontoen 3805.10.22030.

Spørsmål?
Dersom du har nokon spørsmål om prosjektet er det berre til å ta kontakt med oss.
Misjonsprosjektansvarlege for sygnarussen:
Haakon Bleka, epost haakon.bleka@gmail.com, tlf 40438459
Malin Gjersvik, epost malinsm@hotmail.com, tlf 47887606.