Repetisjonsstafett

Barokken i full fart

Våren er tida for blomstring og repetisjon. I takt med snøen som smeltar har teorikunnskapane ein lei tendens til å gli sakte ut av tanke og sinn. Lærarane vrir hjernen for å finne pedagogiske grep som kan gjere repetisjonen både artig og nyttig.

Jorunn har henta med seg erfaringar frå grunnskulen og dei leikne elevane i 2ST og 2SF let seg villeg lokke med på ein repetisjonsstafett i det fri. Her krevst både faktakunnskap om barokken, god bokballanse og raske bein.

Tekst/bilde: Magni