Realistane

Ingrid og Ellen er nye realfagslærarar på Sygna.

Det er veldig kjekt å kunne presentere dei to nye, dyktige og godt kvalifiserte realfagslærarane på Sygna. Ingrid Fjeldskaar Løtveit og Ellen Smenes skal i hovudsak undervise i matematikk, fysikk og samfunnsøkonomi.

Ellen er 28 år, frå Averøy på Nordmøre og sivilingeniør frå NTNU i Trondheim med PPU frå universitetet i Oslo. Ho har gått på Sygna, og var russ i 2007. Dei siste tre åra har ho vore lærar på Kvitsund Gymnas, ein av søsterskulane til Sygna.

Ingrid er 40 år, frå Sandnes og er PhD i hydrogeologi frå universitetet i Bergen. Ho kjem frå ein jobb som forskar og dagleg leiar i firmaet Tectonor. Her skal ho halde fram i 50%, medan ho skal jobbe 50% som lærar på Sygna. Med seg har ho mannen, Arve (41) og barna, Grethe (13) og Sigurd (11).

Ho kjenner Sygna og Balestrand godt sidan ho vaks opp her som "lærarunge" (1982 - 1986) og ho gjekk seinare tre år på Sygna som elev (russ 96).

Både Ellen og Ingrid seier dei gledar seg til å treffe- og bli kjent med elevane. Og vi gledar oss over at dei er på Sygna! Velkomne begge to!

 

FB