Mat, kultur og tradisjon

Smakfull undervising

2BU (vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag) hadde i forrige veke mat, kultur og tradisjon som tema i faget helsefremjande arbeid. Ole Gunnar og Håvard stod for undervisninga av tema, og fordelte oppgåver til alle under matlaginga.

På menyen stod den tradisjonsrike maten smalahove og raspeballar etter elevane sitt ynskje. Det må òg seiast at vi var innom den evige diskusjonen om det no heiter raspeball, klubb, kompe, auka eller komle. Det mangla heller ikkje på tilbehør som kålrotstappe, poteter, kjøt, pølse, bacon og smelta smør.

Det vart eit festmåltid utan like og vi fekk blant anna ein større innsikt i mattradisjonar i Norge.

Tekst/bilde: KSH