Prøvetid

Desember er ventetid. Men på ein skule er det og prøvetid.

På Sygna har vi slutta med tentamensplanar og tentamensperiodar. Sidan dei ulike faga har blokker opnar det for andre vurderingsformer enn den tradisjonelle tentamen.

Denne onsdagen sit mange elevar og har heildagsprøve i matematikk, fysikk, biologi og treningslære. Elevane i BU øver seg på tverrfagleg eksamen - medan ein gjeng med tredjeklassingar sit på lesesalen og skriv oppgåve om lobbyisme og korporatisme. Oppgåva dei skal bryne seg på er: Er lobbyisme og korporatisme eit problem for demokratiet?

Viss du lurer på det same er det berre å ta kontakt med ein av dei kunnskapsrike elevane i faget Politikk og menneskerettar.

FB