Praksisveker

HO og BU har vore to veker i praksis på ulike arbeidsplassar.

I veke 42 og 43 har elevane i HO og BU vore i praksis. Dette er ein del av faget yrkesfagleg fordjupning som elevar som går yrkesfaglege retningar har. Elevane har sjølv fiksa praksisplassar, valgt kompetansemål frå læreplanen som dei skal fokusere på og skrive logg. I løpet av to veker har dei fått erfare korleis det er å være i yrkeslivet, samarbeide med andre og være profesjonelle yrkesutøvarar. Ut frå tilbakemeldingane frå praksisplassane har dei utført dette på ein strålande måte. Bra jobba, og veldig kjekt å ha dykk tilbake på Sygna!