Oppussinga i gang

Åtte av dei 60 bada på internat 1-6 er no ferdig renoverte.

Åtte bad på internat 2 er heilt nye no til skulestart. Driftsleiar, Vidar A Heier har brukt sommaren på å setje i gang det store prosjektet med å renovere dei 60 bada på internat 1-6. Vi håpar dette vil gjere det endå kjekkare å bu i internata våre.

Samtidig med at bada vert renoverte, vil og kjøkena på internata bli skifta ut. Dette vert finnansiert av overskotet frå misjonsprosjektet til russ 2014.

I sommar vart dessutan møtesalen måla. Litt av resultatet kan du sjå i bildeserien - eller om du tek turen til Sygna.

 

Tekst: FB
Foto: KK og YLL