Omsetjing

Denne veka har vg3-klassane hatt besøk av Jon Rognlien som arbeider som omsetjar og litteraturkritikar.

Gjennom den kulturelle skulesekken besøker han nå i november dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane med eit undervisningsopplegg knytt til omsetjing av tekst. Elevane fekk i løpet av ei 3-timarsøkt mellom anna innblikk i kvifor Moses ofte er avbilda med horn i pannen, korleis atombombene i Hiroshima kunne vore unngått og korleis det er forskjell på å oversetje heilage bøker som Bibelen og Koranen.

Elevane fekk også prøve seg som omsetjarar på nokre sekvensar frå serien Big-bang theory og opplevde då at det ikkje berre er å oversetje ord for ord, men at det er betydningen som må gjengjevast.

Elevane sin hovudrespons på besøket var at dette var både nyttige og kjekke timar.

GBB