Ny rektor på Sygna

Frå 1. oktober 2017 er Knut Heng rektor på Sygna.

Det er med stor glede vi kan melde at Sygna får ny rektor frå 1. oktober. Då set  Knut Heng seg i rektorstolen og skal leie skulen framover.

Knut kjem frå jobben som rektor på Fjelltun bibelskole i Stavanger og flyttar, i første omgang åleine, til Balestrand. Kona, Eli og yngste sonen, Jofred (6) flyttar etter hausten 2018.

I tillegg til Jofred har Eli og Knut borna Hanna, Kristoffer, Mona og Ingunn i alderen 15 - 22 år.

Knut gledar seg til å bli kjent med personale og elevar på Sygna:
- Dette vert ei ny oppgåve for min del. Eg synest det er spennande å vere med og drive ein kristen friskule. Her skal ungdom utrustast fagleg, men dei skal få kjennskap til haldningar og verdiar som reflekterer eit kristent verdsbilde. Eg håpar elevane på Sygna vil vokse i innsikt til seg sjølv, sine medmenneske og til Guds Ord.

Vi ønskjer Knut velkommen til Sygna!

I perioden 1. august til 1. oktober er Bjørg Aase konstituert rektor.

PS: Bildet av er teke av kona, Eli og viser Knut med heimstaden hans, Hafrsfjorden i bakgrunnen.

FB/EH