Ny rektor på plass

Første møte med Knut Heng

Det er første dag på jobb. Alle fjes er nye og kontoret er rydda ut etter forrige rektor. Korleis er det første møtet med Sygna og Balestrand?

"Det er mykje nytt", innrømmar Knut Heng. "Men", legg han raskt til, "førsteinntrykket er veldig godt, både av folka og plassen. Eg har fått helst på mange allereie og det var majestetisk å kome køyrande over Vikafjellet i går og sjå over til den flotte bygda."

Når eg spør han om planane vidare, nemner han først ønsket om å utforske naturen. Han er godt orientert om utstyret på bruket, og gler seg blant anna til å kome ut på fjorden i kano.

Når det gjeld skulen, gjev han uttrykk for eit sterkt ynskje om høgare elevtal i framtida. "For å oppnå det må vi oppretthalde og vidareutvikle linjetilbodet slik at skulen kan vere attraktiv for noverande og komande elevar." 

Då ynskjer vi Knut Heng lukke til i jobben!

Tekst/bilde: Magni