Ny rekord!

Russ 2014 hadde som mål å bli tidenes russekull og samle inn ein rekordsum til prosjektet.

Det klarte dei med god margin då dei stolte overleverte ein sjekk på kr 760.000 til NLM sin regionleiar Harald Berge Breistein.

Dette var avslutninga på ei flott samling med festmiddag for årets russ, deira føresette og personalet. Lærar Frode Kleppe Holgersen leia oss frå det eine høgdepunktet til det neste.

Russen vart appludert inn i salen av ei feststemt forsamling og stemninga var upåklageleg. Arne Abrahamsen, far til Birk, hadde helsing på vegne av foreldra. Han la vekt på samhaldet han hadde opplevd blant elevane. Som far frå bygda kunne han fortelje om møte med ein unik gjeng som kappast om å gjere kvarandre gode. Dette inntrykket av årets kull vart stadfesta gjennom foreldra til Elias Engevik si helsing.

Rektor Joakim helste også forsamlinga med gode ord. Med utgangspunkt i biletet av russekullet 1994 funderte han på kva ein kunne fortelje om årets kull i 2034... Oppsummert i tre punkt formidla han at livet er ei gåve frå Gud, det viktigaste i livet er ei gåve og til slutt oppmoda han om å gje vidare det vi har fått som gåve.

Harald Berge Breistein hadde andakt. Med utgangspunkt i at Gud har ein plan for kvar ein av oss utfordra han elevane spesielt til å leve saman med Jesus. Han bad oss også hugse at Gud som står bak eit fantastisk skaparverk ikkje har ulykkestankar for oss, men fredstankar.

Leiar for styret til Sygna, Bjarte Urnes er også far til ein av årets russ. Han tok ordet etter andakta og nytta høvet til å takke Harald Berge Breistein for ein fantastisk innsats for Sygna. Breistein har vore med i styret sidan 1989, og har også vore leiar i 12 av desse åra. Han fekk ei velfortjent gåve. Bjarte Urnes takka også personalet for den daglege innsatsen på skulen og overrekte ein flott blomsteroppsats til rektor Joakim.

Etter at lærarane Aud Laila, Vegard og Roar hadde underhalde oss med ein morsom sketsj nærma vi oss høgdepunktet for dagen der elevane sjølve kunne takke og fortelje frå sygnatida. Alle fire tillitselevane hadde helsingar på vegne av klassane sine og midt i glede og moro låg tårene på lur når dei nærma seg temaet om at sygnatida nå er over. Til slutt takka årets russepresident Andrea Ålen for samhald, omsorg, innsatsvilje og gode ord gjennom året. Ho har gjort ein fantastisk innsats og den siste helsinga viste igjen at Andrea har hatt full kontroll og har leia gjengen på ein god måte. Ho gav til slutt ordet til Elisabeth Molvik og Elias Esperås som har vore prosjektansvarlege. Jubelen stod i taket då dei overrekte sjekken. Harald Berge Breistein takka og vektla kva dette ville bety for menneske som verkeleg treng pengane. Joakim takka på vegne av Sygna sidan elevane allereie frå skulestart hadde informert om at eit evt overskot skulle gå til Sygna og oppussing av kjøkena på internat 1-6.

Heile samlinga var avslutta med at ein gjeng russejenter song Sygna sin gjenggangar «Me and my house». Då var det vanskeleg å halde tårene tilbake.

 

Tusen takk for desse tre åra, kjære russ 2014. Vi kjem til å savne dykk!

 

Tekst/Foto: BAa/HBS og EH