No pain, no gain

Helgespenning

Nokre nyttar helgene til å sove og slappe av, andre tek seg ein tur til fjells eller ser sitt snitt til å få unna litt skulearbeid. Atter andre koplar best ut med å få adrenalinet i kok. 

Sist helg arrangerte det lokale ungdomsrådet paintball-turnering og mange elevar nytta mesteparten av laurdagen til å krype rundt i Belehalli og pepre kvarandre med gummikuler i "all vennskapelegheit".

Til alt overmål stakk eit av Sygnalaga av med sigeren i år. Gratulerer!

Tekst/bilde: Magni