NM-kvalik i volleyball

Sygna stilte med to lag i årets NM-kvalik for vidaregåande skular.

Kvart år vert det arrangert NM i volleyball for vidaregåande skular. Kvalifiseringa i Sogn og Fjordane vart i år arrangert i Sogndal, og Sygna stilte med lag både i jenteklassen og i MIX-klassen. 

MIX-laget starta dagen særs godt og sette standarden med ein overlegen siger i fyrste kamp. Jentelaget viste og musklar når dei vann fyrste sett mot det sterke laget frå Hafstad vgs, og tok vidare ein sterk siger mot Sogndal vgs. Begge laga tok seg vidare til sluttspelet. Jentene endte på tredjeplass og MIX-laget måtte tole eit knepent tap i kvartfinala. Finalespelet i NM, som i år vert arrangert i Bodø, går dermed utan Sygna-lag. Begge lag kan likevel seie seg nøgd og viste seg frå ei framifrå side under turneringa!

Turneringa er og lagt opp slik at alle lag må dømme kvarandre sine kampar. Her må det og nemnast at gjengen frå Sygna tok ansvar med seriøs og god dømming.