Møteveke på Sygna

Velkommen til møte i møtesalen kvar kveld frå tysdag til søndag. Talarar er Ivar Moen og Kristian Johansen

Denne veka er det møteveke på Sygna igjen. Me har besøk av to karar, Ivar Moen frå trøndelag og Kristian Johansen frå Bodø. Ivar har vore forkynnar lenge, mens Kristian denne veka har praksis mens han tar eit kurs om forkynning på Fjellheim Bibelskule. Dei to kjem til å dele på å tale om kveldane, og kjem elles til å vere i miljøet denne veka. 

Onsdag begynner møtet kl 20.30 på grunn av julebasar på bedehuset, og søndag blir møtet kl 12.30 på grunn av adventssamling på bedehuset om ettermiddagen. Ellers blir det møte kl 20.00 kvar kveld.

Alle er hjarteleg velkomne!

YLL