Møteveke

Tirsdag 12 september startar årets første møteveke på Sygna.

Tirsdag kveld startar årets første møteveke på Sygna. Det er Trond Kråvik som kjem for å tale. Temaet for kveldane er «Restore point», eller gjenopprettelsespunkt. Jesus er det store gjenopprettelsespunktet i historia, då han gjenoppretta forholdet vårt til Gud, til kvarandre og til oss sjølve. Trond vil ta utgangspunkt i tekstar frå Lukasevangeliet, der Jesus møter menneske, og grip inn i liva deira på ein overveldande måte. På same måte vil Jesus gripe inn i ditt og mitt liv i dag!

Det blir møter frå tirsdag, til og med søndag. Møtene startar klokka 20.00, og det er bønnemøter kvar kveld klokka 19.30. Fredag er den einaste dagen som skil seg ut; då er det Ung Messe i den engelske kyrkja i Balestrand sentrum. Ung Messe startar klokka 20.30. Trond blir med oss på dette møtet óg. 

Velkommen!